søndag, september 24, 2006

Fyrste samling

Fyrste samling var på Qality Hafjell hotell. Og eg sit att med mange kjensler, meiningar, ideer, tankar osv. Interessant, spennande, morosamt, langtekkelig, rotete, iderikt, inspirerande er adjektiv som alle dekker deler av samlinga.

Fleire av skulane som var med i det førre nettverket presenterte sine resultat og kva dei har drive med. Dette vart den beste biten av heile samlinga. Mange flotte idear, gode resultat og smittande interesse.
Det som er den største utfordringa etter å ha høyrt på innlegga og resultata frå LÆRNO-EN er å halde seg til sitt eige prosjekt, og ikkje la seg "smitte" til å endre prosjektet på grunn av entusiasme og resultater som andre har vist. Vi må halde oss til vårt prosjekt og det vi har bruk for.

Nye, interessante ting kan lett ta på oppmerksamheita og overskotet. Difor blir ei powerpoint-framsyning med forelesning som dreg seg utover og endar 40 min på overtid både trå og langtekkeleg. Sidan vi sat bakerst og forelesarane delvis prata litt lågt vart det slitsamt. Må tilstå at eg fekk ikkje med meg halvparten eingong. Sikkert slik enkelte elevar opplever skuledagen av og til......

Mykje var interessant, men enkelte ting vart litt langdryge. På mange måtar berre kleiar det i heile meg etter å koma skikkeleg i gang! Jobbe, stå på, kaste meg ut i det. Men det er viktig å la inntrykka synke inn og bruke litt tid. Tenkje gjennom ting, prate saman i den lokale nettverksgruppa og inspirere dei som ikkje var med på samlinga. Samle trådar.....

Eg GLER meg til å halde fram!

Ingen kommentarer: