Kvart år har skulen eit personalseminar når elevane på skulen har operasjon dagsverk. I år "kuppa" nettverksgruppa heile seminaret.
Torsdag hadde vi utvida wordkurs for alle lærarar og assistentar. Vi starta heilt grunnleggjande med mappestruktur i Windows, oppretting av nye mapper, og ein del hurtigtastar og snarvegar. I Word lærte vi bort ganske mykje når det gjeld formatering av dokument, innsetjing av topp-og botntekst, automatiske innhaldslister, bildeformatering og automatiske bildelister, m.m. Mange lærte mykje, og alle lærte vel litt. I alle fall fekk vi positiv tilbakemelding.
Fredag starta vi dagen med å informere om Lærande nettverk. Kva det er, kva VI gjer i nettverket, mål og innhald. Vi viste fram bloggen vår og tankar rundt den, og nokre framtidsplaner. Vi valde å ikkje seie ALT, for ikkje å skreme vatnet av dei som føler at dei ikkje heilt har kontrollen over pc-ar og bruken av dei.
Siste del av fredagsseminaret fekk vi ei skikkeleg god forelesning om Herad skule og korleis dei bruker digitale mapper og IKT på skulen. Dette vart ei skikkeleg vitaminsprøyte for gruppa vår, i alle fall, samt ei understreking av at vi faktisk er på rett veg :-)