torsdag, mai 03, 2007

Vi står på - om enn litt sakte :-)

Vår. Travle tider. Mykje som skjer både på skulen og utanfor. Spesielle aktivitetar som treng ekstra tid, noko i tillegg til vanleg jobb. Men vi står framleis på føtene.
Målet vårt er å starte opp med Fronter no frå hausten. Krev ein del jobb utover, men vi kan kanskje starte i det små? Det vil vi nok finne ut av, tenkjer eg. Nokre av norsklærarane var på kurs med bruk av Ped-It plattformen, og dei kom tilbake med glødande interesse, og det verkar lovande med tanke på å innføre Fronter.
Vel, time will show, som det heiter på godt norsk ;-)

Ha ein god vår!

Ingen kommentarer: