Ja, grønt vart det vel ikkje. Ikkje var det ope over flya heller. Så difor vart det til at vi køyrde om Lillehammer, og Kjetil frå Hammartun barneskule sat på med oss derfrå. Triveleg:-) Å samkøyre med nokon er noko vi kanskje bør gjere oftare. Sosialt og triveleg.
Nok ein gong mykje interessant å få med seg frå samling. Veldig godt å koma fram måndag kveld, og møte opp frisk og opplagt til frukost i staden for å måtte køyre mange timar på morgonen. Om vi hadde avtala litt nærare angåande kvelden kunne vel fleire ete middag i lag, men det viktige var vel å få seg mat.
Besøk på Dovre ungdomsskule
At bottpanna held når underteikna køyrde rett opp på fortauet og nedatt var jammen bra. Tålar ein støyt desse gamle bilane....heldigvis. Det burde vore skilta veg til skulen, og det gjeld vel skular andre stadar og, mellom anna her i Nord-Aurdal. Bjørn Amund meinte det burde vore skilta om fortauskantar og, men med skilt til skulen hadde eg kanskje ikkje prøvd å ta den U-svingen????
Verkeleg moro å sjå korleis Dovre ungdomsskule, som altså ligg på Dombås, hadde organisert IKT-bruken på 10. trinn. Like moro å sjå elevkantina, diverse fagrom, grupperom, lærarkontor, og ikkje minst 60-meterskorridoren:-) Det er inspirerande til tusen å reise innom andre sine skular. Kunne nok lett brukt mykje meir tid, men vi hadde som vanleg eit program å halde.
Samlinga
Atle starta opp med å vise ein film. Eit referat frå førre samling. Jammen hadde eg gløymt mykje sidan sist. Video er ein fin måte å dokumentere på, for ved små glimt blir minnet vekt til liv att, treng ikkje så mykje av kvart tema. Verkeleg noko å tenkje på for neste Lærno.
Temaet for samlinga var LMS-ar, og bruken av dei. Vi skulle få seie litt om PedIt, og korleis den er oppbygd, men vi fekk ikkje vist dei tinga som verkeleg er ein god ting i plattformen fordi nettverket omtrent stoppa heilt opp. At hotellet sine IKT fasiliteter skal rustast opp i løpet av april var liksom ikkje heilt til nytte for oss.... Uansett, vi fekk med oss ein del tips.
Heimeleksa
Vi hadde heimelekse.......som eg ikkje hadde gjort......... Vi fekk leksa rett før eg reiste til Tunisia, så eg slapp å gjere den veldig nøye. Men eg følte meg ikkje heilt med i praten før eg hadde fått sett filmen vi skulle reflektere over. Og ironisk nok, tidleg om morgonen tysdag ringte ei mor med melding om ein elev som ikkje ville gå på skulen fordi det var noko "plaging" som føregjekk. Eg vil påstå at eg løyste tinga betre enn læraren i filmen!
Før middag var det godt med ein symjetur i bassenget. Ein solariumbrun svenske med eit stort sjølvbilete og trong til å skryte av seg sjølv og treningsmengda si, bekrefta alle fordommane mine mot veldig-solariumbrune-midt-på-vinteren-folk-som-eigentleg-er-veldig-kvite. Uff, det var vel dumt. Men eg har vel eingong vorte lært og innprenta at ein ikkje skal prate med framande, så eg kunne ha latt det vera. He, he. Ganske så komisk. Stakkars, håpar at han har andre samtaleemner også.
LærnoTRE
På dag to byrja vi med rapporten vi skal sende inn, og debatten gjekk omkring temaet Lærnotre, emnevalg og arbeidsform. Litt fram og attende med fleire innspel, og med ulike reaksjonar på dei forskjellige forslaga. Uansett vekte det ei djup interesse til å fortsetja. Vi byrjar å bli godt kjende i nettverket, og det kan verkeleg bli eit bra resultat som andre kan dra nytte av når vi er ferdige med LærnoTre. Viss vi får vera med, då. Søknaden er i alle fall sendt.
Det blir ein planleggingsdag for LærnoTre i juni. Då hadde det vore moro å fått sjå Hammartun skule og måten dei brukar IKT på. Smartboardet, f.eks. Vi har jo vore på Lillehammer fleire gonger utan å besøkje nokon.....
Nettverket
Eg trivs saman med folk i dette nettverket. Klarar å slappe av og engasjere meg, og det gir ikkje veldig hjarteklapp lenger når eg må stå opp og seie/gjere noko. Gudskjelov at slike ting ikkje synes veldig godt utanpå :-) Lærer også veldig mykje både av og med folk, og alle deler velvillig ut tips og lenker i hytt og pine. Morro. Nettverksarbeid er nyttig dersom alle har interesse av å nå eit mål, og at det er mykje som er felles undervegs. Sosialt er det også, og samlingane er prega av ein god tone. Litt venskapeleg erting blir det også, særleg er det moro å erte litt på folka frå Etnedal :-) Håpar de blir med i Lærnotre, så kunne vi kanskje fått sett skulen dykkar og korleis de har det der. Har høyrt mykje fint frå andre;-)
Då kunne vi forresten overnatte på Nythun att.........
Sjølv om det framleis ramlar ned noko nedbør i form av snø er det ingen tvil om at det er i ferd med å vårast også her hjå oss. Ynskjer dykk alle ein fin vår.
;-) Marit
PS: Takk for klemmen, Erling.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar