Tenk om det hadde vore så lett å slette ein sagt setning eller eit ord.....
Tenk om eg berre kunne halde kjaften att og ikkje prate så mykje.....
Tenk om det kunne ha blinka ei raud varsellampe kvar gong eg sa noko som ikkje var heilt gjennomtenkt..... Vel, eg ville vel tolka det som OK uansett ettersom raud er yndlingsfarga mi......
Eg har lovd å vera med på spinning til hausten. Kan jo det, ei og anna gong, tenkte eg. Heilt til mor mi sa: "Høyrer at du skal vera med Eirunn og spinne til hausten!" Bordet fangar! Kva i alle dagar har eg eigentleg sagt? Eller gjort? Og det er fleire som har fått med seg at eg skal det, ja.... Så det blir nok ikkje berre ei og anna gong, nei.
Sukk, eg kjem til å bli sprek... :-)
Og ikkje nok med det, var på trening i dag....spurte Paul når han har sykkeltime, sa som sant er at eg har høyrt at han har så fine timar.. Jau, det er på torsdag, så då sjåast vi, sa han. Eg sa IKKJE det. Eg spurte berre. Tenk om eg berre kunne la vera å vera så nysgjerrig og vitebegjærlig???? "Ja, det gjer vi", høyrde eg meg sjølv svare. Då Knut kom heim etter at også han hadde trena, kva trur du han visste??? At eg skal på spinning på torsdag.... Bordet fangar.
Jaudå, eg veit at eg skal trene og alt det der, men innerst inne er eg eigentleg temmeleg lat, trur eg. Men det kjem ikkje fram i lyset fordi eg driv på med så mykje....og no har eg sagt ja til meir trening, og då får eg meir overskot og energi, og då syns alle rundt meg at eg blir trå fordi eg då ikkje får til å vera lat....
Hmmm...Stakkars Knut ;-D
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar