torsdag, juni 03, 2010

Æ d noko rart at............

Er det noko rart at eg blir feit? Ok, da, feit er eit negativt ladd ord. FY. Men er det noko rart at eg ikkje går ned i vekt? Startar dagen sunt og godt. Vatn til frukost (tålar dårleg mjølk...), knekkebrød med litt lettrømme på. Ja, nokre kaloriar treng eg faktisk. Så startar arbeidsdagen.Etter jobb har eg planlagt å gå på spinning. Full rulle. Marit her og Marit der. Kan du...? Vil du...? Jaudå, artige timar, tida flyg som ein vind. Friminutt: Eg må ha VATN!! Matfri, eg har matvakt, og no har eg 15 minutt å ete på. Hm, må berre ordne noko fyrst.

No skal eg ha muntleg høyring i naturfag med halve klassa mi. Brukar alarmen på mobilen, kvar elev får 5 minutt til å prate på, og eit par minutt til ekstraspørsmål. Oi, der gjekk begge timane og friminuttet på ein liten blunk.
Teammøte om 10 minutt. Og eg som ikkje har laga sakliste! Der, rakk det. Kven skal ha med noko til møtet i dag? Kor er vassflaska mi?
Kjenner at eg er litt fjern i toppen. Men eg har i alle fall fått i meg vatn! Og på teammøtet får vi strylleis, eller kroneis som ikkjevaldrisane seier. Mykje kakling på møtet i dag, men eg styrer oss gjennom med mykje latter. Flott team.
Endeleg ferdig, og stille på arbeidsrommet. Då finn eg brått ut at eg faktisk ikkje har ete noko skikkeleg mat sidan frukost. Ikkje rart eg er susen i toppen.
Får med meg Knut på Gjestegården for å kjøpe middag. Ivan anbefalar biff med steikte grønsaker. Mmmmmm, deilig mat! Men gud så METT eg blir. Tung i magen. Orkar ikkje trening no. Eg skulle kanskje valgt fisk? Neste gong, dersom Ivan er kokk. Han er flink. Men det er ikkje så ofte vi et ute, så det blir ei stund til neste gong.

Men er det rart at eg blir f...? Fleire små måltid i løpet av dagen er det som kroppen vil ha, ikkje svelteforing og så stapping i magen slik at ein ikkje orkar gjere noko. Ja, ja. I morgon er atter ein dag. Kan hende eg klarar å ete når eg skal då? Og få i meg nok vatn? Kan hende månen er ein diger, stor, gul ost også... Eg veit ikkje, har aldri vore der.

Ingen kommentarer: