tirsdag, juni 15, 2010

Det ska kji vera lett!!

Det er ikkje alt som er så lett her i verda. Å gå å legge seg kan for eksempel vera vanskeleg, sjølv for eit A-menneske.
Var på styrketrening i går etter ein lang og travel dag på jobb, tok i skikkeleg. På dei siste øvingane skalv musklane i lår og bakende, kunne ikkje anna enn flire litt av det. Vart ikkje så lett å gjere dei siste øvingane, men det gjekk. Var veldig god og sliten i kroppen etterpå.
Vel heime laga eg pizza med elgkjøt og bacon på, yummi! Det smakte berre kjempegodt! Og etter ei stund breidde ei trøytt og slapp kjensle seg i heile kroppen...deilig! Tanken på å finne senga og sove inn att all den svevnen eg trengte dukka brått opp, og eit blikk på klokka fortalte at jaudå, 22.10, passande leggetid det. Det var berre eit men. Eit STORT men....sola skein framleis ganske høgt oppe på himmelen. Den lyste opp heile stogo, og Knut fekk den nesten rett i ansiktet der han sat og prøvde sjå på fotballvm. Kan ikkje leggje seg når sola framleis skin så fint!!!!

Hm, eg føler med ungane, dei og har vore nøygd til å gå å legge seg når sola stod slik. Det var i alle fall EIN "fordel" med å bu på Fagernes, sola gikk ned tidlegare slik at eg fekk lagt meg.

Korleis det gjekk??? Jau, eg gjekk og la meg, trekte ned rullgardina slik at eg ikkje såg sola, og krølla meg under dyna. Trur eg slokna umiddelbart, var i alle fall utkvilt i dag tidleg :-D

Ingen kommentarer: