onsdag, juni 09, 2010

Flink, seru ;-)

Eg er flink! Ikkje alltid, men i dag har eg vore flink. I følge elevane mine på skulen skal ein ikkje skryte av seg sjølv. Eg prøver å få dei til å forstå at du skal vera stolt når du gjer det bra, og ikkje vera redd for å innrømme at du har gjort det bra.
Så eg er flink.
Gjekk på vekta i dag tidleg, og såg at den viste mindre enn vanleg. Det gir motivasjon. Så eg har klart å seie nei-takk til søte freistingar. Salat til niste, og sunn middag. Trur eg har fått i meg nok vatn, og fekk trena ein times tid. Så ja eg er stolt av meg sjølv og synest eg har vore flink....

I alle fall heilt til Torkjell kom heim att. Han har elevbedrift og skal levere ei gulrotkake i langpanne i morgon. Eg måtte smake på deigen at den var rett krydra, og så måtte eg smake på glasuren. DEN freistinga klarte eg ikkje å stå i mot, så eg er kanskje ikkje så veldig flink likevel, he, he.

Ingen kommentarer: