tirsdag, juni 08, 2010

Gjenta etter meg: Nei, nei, nei! Nei-takk, nei-takk, nei-takk!

I følge enkelte i omgangskretsen min må eg lære å seie NEI! Nei, nei og atter nei. Jamen eg KAN ordet "nei", eg veit til og med kva det betyr. Det er ikkje det å seie NEI som er så vanskeleg, men det å stå på dette nei-et. Når nokon kjem og byr meg noko eg likar, men som eg har bestemt meg for å la vera å eta, så klarer eg faktisk å seie nei takk. Men folk vil ein jo så "vel", og byr deg ta ein bit fleire gonger. Så tek eg ein bit då, og så får eg dårleg samvit etterpå... Og ein bit blir ofte til fleire.
Men noko godt har det likevel kome ut av dette, for det er lenge sidan eg høyrde at eg måtte ta ein bit fordi eg såg så "skrantin" ut, he, he

Men no skal det altså bli ein stopp på dette. Eg skal bli flinkare til å stå på mitt, og eg skal seie frå KVIFOR eg ikkje vil ha. Så får folk seie kva dei vil, og bli så fornærma dei berre vil. Og om du høyrer at eg går rundt og seier: "Nei takk, nei, nei, eg skal ikkje ha, ellers takk, men nei takk" og liknande ting så har det altså ikkje klikka for meg, det er berre eg som går og øver på å seie NEI!

Ingen kommentarer: