Torkjell vart med meg på spinning i kveld. Vi vart temmeleg sveitte, varme og raude i toppen begge to. Herleg, i grunn. Moro at Torkjell ville bli med meg.
Men, det er alltid eit men, og det er det her og: Etter å ha dusja og ete litt frukt som vi fekk servert på Aktiviteket i kveld hadde eg venta at den vanlige slappe, gode, slitne kjensla skulle breie seg i kroppen. Ikkje det nei. Full av energi? Adrenalin? Veit kji, e, men eitt eller anna er det. Har kjent det før. Høg intensitet på trening slår enkelte gonger slik ut på meg. Knut blir litt oppgitt, for det er meininga at eg skal bli sliten etter trening, ikkje opplagt og vaken. Så her sit eg, eit A-menneske som eigentleg skulle ha snorka for lenge sida, kvikk og vaken, og klokka er over midnatt.
Kan hende tok eg ikkje hardt nok i. Kan hende burde eg tråkka til beina stod stive av mjølkesyre heilt på slutten? Eller kan hende eg tok litt for hardt i og vart så sliten at eg vart "overtrøytt"? Du veit, slik som ungar blir når dei har vore oppe til langt over leggetid, og som i alle fall ikkje er trøytte, men som likevel sloknar i det hovudet treff puta. Hm, dette må eg finne ut av....dvs: I SENG!
Problemet er: Dersom eg somnar fort, korleis veit eg at eg somnar fort? For nokon gonger er 10 sekund lange, og nokon gonger går 10 sekund veldig fort....Og er eg overtrøytt om eg somnar fort? For det gjer eg vanlegvis ellers og... Men eg er jo ikkje trøytt...og dersom.............
;-) God natt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar