fredag, juni 04, 2010

Mål og meining

Ein bør vel ha eit konkret mål om treninga skal gje noko meining. Men ein lyt også ha meining om det ein gjer for å nå eit mål...

Ja, ja, uansett så har eg innsett at eg må ha eit mål. Og ikkje minst eg må fortelja det målet til nokon. Nokon utanfor familien, nokon som konfronterar meg med målet og på den måten både utfordrar og dyttar meg vidare.

Er i alle fall ikkje nok å seie det til Knut, he, he. Han er for snill, og han vil ikkje "presse" meg.

Eg trur eg treng press. Har hatt mål heile tida, men tydelegvis ikkje konkrete nok. Og det er vel ikkje mange nok som har visst om dei slik at det har vorte nok press. Eg treng ei utfordring som eg bit på, og då må eg berre stå på. Ja, då STÅR eg på, for eg vil jo ikkje tape :-) Må berre finne den rette slavedrivaren å betru måla mine til. Viss eg tør :-)


Kan vel skrive dei ned her....er ikkje så mange andre enn eg som les dette lell, om nokon i det heile, og i alle fall ingen som kommenterer, he, he.

Vel: Har mange slike bla-bla-mål om å koma i betre form, få sterkare rygg og gå ned i vekt. Men eg har innsett at det blir for diffust. Eg må ha konkrete målbare mål. Mål som er overkomelege, og som kan reviderast (strammast inn) undervegs.

Måla blir då som følgjer:
Innan jul skal eg ha gått ned 6 cm rundt livet og eg skal vega 7 kg mindre enn eg gjer i dag. (Herregud, eg skjems over kor mykje eg veg, så eg har ikkje noko lyst til å skrive talet ned her. Har aldri nokon gong vore så tung!!!)
Eg skal klare å gjere minst ein korrekt kroppsheving med under-eller over-tak.
Kondisjonsmål er vanskelegare å setja....der trur eg at eg treng nokon å spørja. Kan hende det å springe 20 min samanhengande på tredemølle med 1,5%stigning og middels høg fart kan vera eit mål? Eller med sakte stigande fart heile vegen? Og det må vera utan at bringa snører seg saman og eg må hive meg over medisinboksen min!

Dette bør vera overkomeleg. Det er sagt at ein skal klare å gå ned rundt 1 kg i veka med trening og rett kosthald. Det er ikkje sikkert at stoffskiftet i kroppen min godtek det, difor held eg på 7kg innan jul, med mogelegheit for å stramme inn målet undervegs. Totalmålet er -12 kg i forhold til den testen eg tok i 31.mai 2010.

Så får vi sjå om treninga gir mål og meining..... Til slutt ;-)

Ingen kommentarer: