lørdag, juni 12, 2010

Morgenstund har gull i munn! - eller???

Nokon gonger er det trått å vera morgonfugl. Etter dei siste dagane på jobb med eit press langt over det som er sunt burde det vore muleg å få sova lenge på ein laurdag. No kjem det litt an på korleis ein definerer lenge. For meg er det å sove til klokka 9 lenge. Og etter si slik periode med mykje mas og gode treningsøkter burde eg vera så sliten at eg fekk sova lenge.

Halv sju? Eg kunne knapt tru det då eg kjende meg klar til å stå opp. Ute regnar det, er grått, men likevel strålande grønt. Løvetannen ser du berre så vidt det gule i, for den likar ikkje dette veret den heller. Åååh, få søva berre litt til, væææær så snill.... Men nei, kroppen min har alt stått opp. Ikkje fysisk slik at eg står på golvet, men eitt eller anna har fått funksjonane i kroppen min til å tru at eg har stått opp.

Ok, eg får vel følge etter fysisk og. Lettare surmulen ruslar eg på badet, somlar alt eg kan, men det tek ikkje lang tid før eg er ute med hunden. Vel, det har regna ca 20 mm, lufta er frisk, graset er grønt, lauvet er akkurat passe stort, snart blomstrar peonen, kirsebærtreet har fullt av kvite knoppar, syrinen byrjar å vise fram knoppane sine, Varg er hoppande glad for å koma ut, fuglane kvitrar trass lett regn i lufta...eigentleg er det ein SUPER dag! Herlig!

Med ein tekopp og eit rundstykke med brunost kjem eg fram til at det ER godt å vera morgonfugl, trass alt.

;-) God helg.

Ingen kommentarer: