Å vera sletin kan vera så mangt. Etter ei god treningsøkt kan eg vera både sletin og utkvilt på same tid. Høyrest rart ut, men etter ei fysisk krevjande økt er det berre godt å slappe av, og fred og ro fyller kroppen. Ja så sant det ikkje har vore ei krevjande økt i full fart som får meg til å bli supergira og høg på adrenalin, for då er eg ikkje akkurat sliten, heller....I alle fall ikkje roleg.
På same måte er det godt etter ein dag med fysisk arbeid. Plukke stein er dødsens kjedeleg, men jammen kan det vera godt og. Eller plukke poteter. Raka samen gras i slåtten, eller stable ved. Ganske einsformig arbeid, men godt fordi eg får lea på meg og brukt kroppen. Og når det er fleire med og jobbar, flyt gjerne praten lett om alt og ingenting. Triveleg, godt og slitsamt på same tid.
Ein annan måte å vera sletin på er den verste....sletin i kroppen etter lite svevn, høgt press og mykje mas. Kollegaer som har ting som hastar, og det hastar sjølvsagt meir enn mitt, dei berre MÅ ha hjelp. Tusen ting som eg må hugse, tusen ting berre eg kan ordne....Tusen ting eg må gjere, og dei må gjerast NO. Eller helst i går, men i alle fall no. Når eg endeleg sit att åleine og kjenner stilla og roa senkje seg, DÅ kjenner eg kor sliten eg er. Kor tvers igjennom sliten eg er i kvart einaste fiber i kroppen. Viss nokon peikar på meg og seier "BØ!" kjem eg til å grine, eg orkar ikkje ein einaste ting til. Trur eg. Sanninga er at om nokon kom og ba om hjelp ville eg gjort det eg kunne for å hjelpe dei. Sjølv om eg er sliten.Og denne måten å vera sliten på sit mest i hovudet.
No er eg sliten. Skikkeleg sliten på den sist nemde måten. Eg orka ikkje reise på trening, sjølv om det sikkert hadde vore godt etterpå. La meg på sofaen i staden for, og slokna momentant i ein halvtime. Godt. Treng nok meir for å få kvilt ut, men det rare er at bak den slitne kjensla inni kroppen vakar energien i overflata, klar til å kaste meg ut i ein eller annan aktivitet. Dersom eg kjenner etter, kjenner eg glede, livslyst og utforskartrangen kjempe for å koma fram og overta plassen og styre meg ut i eit eller anna. Som eg heilt sikkert også blir sliten av....på ein god måte.Eg gler meg!!!!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar