torsdag, juni 10, 2010

spinnande vill...

Ikkje akkurat ideell start på dagen med tanke på at eg skulle på spinning i dag.Orda mas, stress og full fart fekk skikkeleg betydning i dag. Då eg styrta heim frå jobb hadde eg ete for lite, drukke for lite, og roa for lite ned. Kasta innpå to lunsjkaker (karbonadekaker med grønnsaker i), ikkje sunnaste middagen, men heller ikkje den verste, Heim att og henta treningsbagen og rasa nedover att. Hm, korleis skulle dette bli?

Heldigvis møtte eg eit kjent ansikt då eg kom innom døra på Aktiviteket. Følte meg ikkje så innmari trygg på dette her sjølv om eg har hatt ein introtime på sykkel.
Inn i salen med vassflaska i eine handa og eit handkle og ventolinsprayen min i andre. Klar for aksjon! Men korleis i svarte var det eg skulle regulere denna sykkelen att? Følte meg som ein middels idiot, men heldigvis fekk eg hjelp av Paul og Toril. Eg sykla ved sidan av Toril. Godt med støttekontakt i fall dette skulle gå fullstendig på trynet.

Kjempefin time, akkurat passe utfordring. Lærte sikkert litt frå prøvetimen, å ikkje starte for tøft. Eller kanskje eg er vorten i bedre form??? Kjente pusten snøre seg etter at vi hadde stoppa, men det er slik det brukar å vera, ikkje særleg plagsomt. Var heilt uberørt av bortimot ein time på sykkel. Ikkje EIN sveitteflekk...
Nei kunne faktisk ikkje isolere nokon flekk ettersom både trøye og bukse var gjennomvåt. Hadde nokon vridd meg opp ville det vore ein dam på golvet. Like raud som ein kokt hummer i ansiktet, kliss blaut i hårfestet og ansiktet sjølv om eg hadde med meg handkle til å turke med. Eg sveitta tilogmed OPPÅ hendene. Måtte tørke av styret midt i økta, det var like blautt som om nokon hadde vaska der.

Herleg, flott time, følte meg høg på adrenalin då eg gjekk att. Sette meg ned i garderoba og prata med Toril før eg hoppa i dusjen. Toril skulle på jobb att, eg skulle heim. Jaudå, detta må eg vera med på meir.
Lurer forresten korleis det følest å vera fullkomen idiot? Håpar eg slepp å finne ut det....
;-)

Ingen kommentarer: