Feriemodus er så mangt, men det tek litt tid å koma dit. Men NO har feriemoduset slått til. Det å sykle ut på tur klokka 23 og koma inn att nærare 00.30, DET er ferie det. Er ganske tidleg oppe lell, men klara vel å søva litt lengi ein eller annan morgon.
Ein anna ting som visar at eg er i feriemodus er farten frå Skrautvål til Fagernes. Når eg til og med kjører SAKTARE enn fartsgrensa, då har feriemodusen ramma gassfoten min. Godt å slappe av!
Likevel, sjølv om der er ferie, så må eg få lea meg litt. Må halde på den gode rutina eg har fått no i vår. Blir litt styrketrening, og til no har eg faktisk vore på spinning ein gong i veka. Og eg har både sykla og gått fjelltur saman med Knut.
Flink, seru ;-)