søndag, august 08, 2010

Kem bestemme egentle over me?

Svaret bør eigentleg vera innlysande: Eg bestemmer over meg. Men nokon gonger blir eg i tvil over kva for ein del av meg det er som er sjefen.
Alle har vi ei underbevisstheit. Underbevisstheita kan ein vel ikkje styre. Ta for eksempel om eg går og grunnar på ei eller anna arbeidsoppgåve som eg trælar med å løyse. Om eg bestemmer meg for å leggje det bort når eg legg meg, for så å ta det att neste morgon, då somnar eg lett. Når eg vaknar neste morgon har eg ofte løysinga i hovudet. Då har underbevisstheita jobba heile natta. Men har eg då sove godt?? For nokon gonger hugsar eg at eg "drøymer" om det, andre gonger ikkje.
Underbevisstheita mi er proppa med kva som er rett, og kva som er gale. Og det er ikkje nødvendigvis det same som eg meiner. Underbevisstheita mi meiner at eg SKAL vakne tidleg, og at eg SKAL stå opp. Så eg vaknar tidleg, og endar med å stå opp. Om eg legg meg til å dubbe ein ettermiddag og tenkjer at eg skal sove ein halv time, så vaknar eg etter ein halv time. Hmmmm, kan underbevisstheita klokka? Sikkert, men kor les den av tida hen?
Det hender at underbevisstheita mi irriterar meg. Eg trur at eg er tvers i gjennom vitebegjærlig. Nysgjerrig på mange ting, lyst til å finne ut ting, få med meg ting som interesserar meg. Og med tvers i gjennom meiner eg heile meg, både bevisst og underbevisst. Eg var så innmari trøytt ein ettermiddag no i sumar, og la meg på sofaen for å dubbe. Knut såg kamp i fotballvm. Eg høyrde det vart pause, og at reklama byrja dure og gå. Og eg kjende at eg glei sakte og behageleg inn i svevnen. Men den gong ei. Eg kjende underbevisstheita dra meg opp att i den vakne verda: Hei, her var det noko interessant! Knut hadde skifta kanal, og noko interessant hadde dukka opp. Eg kjempa i mot med alt eg kunne, kjende eg vart sur: Eg vil søva! Men nei då, her var det ikkje meir svevn å få. Eg måtte sjå kva det var underbevisstheita hadde snappa opp.
Ok. Det VAR interessant. Men eg skulle gjerne få lov til å bestemme når eg vil søva. Og når eg vil følgje med på noko anna. Det gjer vel ingenting om eg går glipp av nokre FÅ interessante ting? Gjer det vel????
GRRRRR!

Ingen kommentarer: