søndag, desember 12, 2010

Blomster kan ikkje lesa!

Det er så mange som personifiserar ting og tank. Sjølvsagt skjønar hunden min ALT eg seier til han, blomstrane mine veks fortare når eg pratar med dei, og eg kan ikkje selja bilen min fordi han kan bli lei seg og dette saman.
Eg kjøpte meg to orkidear på Domus. Dei fleste orkideane er epifyttar med hefterøter og hengande luftrøter – planter som er festa til, og lever på andre levande planter, men utan å ta næring frå dei, altså ikkje snyltarar. Eller dei kan leva i jord saman med ei sopptot, og nokon er saprofyttar, organismar som tek næringa si frå daudt organisk materiale.

Kva mine er /var veit ikkje eg. Men den eine var stor og flott, med vakre blomar. Den andre var det halv pris på, for den var ganske halvdaud. Ein stengel som minna om stengelen til ei snelleplante, men med blad oppetter stengelen, og ein liten stengel ved sida av, som såg litt innturka ut.
For å gjere ei lang historie kort: Den flotte, fine orkideen tålte ikkje meg, den daua. Den andre derimot: Fyrst kom det knoppar langs heile den lange stengelen, og den slo ut med fine kvite blomar. Då den hadde blomstra av kom det eit par bladskot på den korte stengelen, og det såg ut til at det skulle vekse ut ein stengel til. Og det er her vi kjem til "bruksanvisninga":

I følge bruksanvisninga skal den lange stengelen turke inn og visne etter avblomstring. Så skal den dette av, og det skal koma nye stengelar. Men det har ikkje skjedd, den har ikkje visna. Heile somaren har orkideen stått der like fin. Det har kome nokre fleire skot på dei stenglane som alt er der, og der har det vakse ut blad, og det har kome fleire stenglar. No i vinter vart brått alle blada på den store stengelen gule og datt av. NO, tenkte eg, NO vesnar stengelen snart. Men nei, det har tvert i mot kome fleire skot som tittar fram. Kva skjer??? Eg kan jo ikkje berre seie til planta mi: "HEI! Kan du ikkje lesa??? Bruksanvisninga står i potta di!!!" Eg kan då ikkje ta motet frå den heller???

No er det 7-8 stengelar på planta. Blir spanande å sjå korleis det går. Blir det blomar att, tru? Og kor mange skot og stenglar blir det før den eldste stengelen turkar inn og dett av. Tenk om den ikkje dett av i det heile tatt?
Nokon gonger er det godt at enkelte ikkje kan lese kva dei skal gjere, at dei "oppfører" seg annleis enn forventa. At dei mot alle odds klarer seg, og gjer ting mykje betre enn nokon skulle tru. Det gjeld ikkje berre blomar. Det gjeld alt og alle med pågangsmot og styrke til å stå på for det dei trur på, stå på for liv og glede. Difor skal eg heie på orkideen min kvar dag: "Flott! Stå på! Gjer ditt beste, gjer det DU vil!" Orkideen var vel i utgangspunktet "dødsdømt" der den låg kasta saman med ein heil haug halvdaude orkidear då eg kom og plukka den opp. Derfor er det så moro at den no står så sterk og rank på kjøkenbenken min.

Og eg skal ikkje fornærme den med å ta andre orkidear i hus.....i fall det skulle vise seg at den både kan lese, forstå alt eg seier, og i tillegg ha kjensler og tankar om at den er den einaste i huset og difor må stå på og leve for oss som bur der.
;-)

Ingen kommentarer: