Den siste dagen i 2010 ga meg ein herleg skitur på Skardåsen saman med Knut. Like fin tur kvar gong. Trivele å gå med Knut. Dessutan har eg støtt så gode ski, for Knut er kjempeflink til å smøre. Og sjølv om Knut er mykje flinkare enn meg på ski, så gir han meg alltid kjensla av at eg lykkast, og at eg er reinaste skistjerna....He, he.
Ellers har året gitt mykje. Eg har vorte i mykje betre form, eg har vorte lettare (!!!), he, he, eg har hatt god helse, gode venner, mange artige stunder, snille ungar, trivelege elevar på jobb, vel, alt i alt, så har det meste berre vore topp :-)
Hm, er det ikkje rart at når ein tenkjer attende, så ser ein for det meste berre dei positive tinga og har gløymt mykje av det som ikkje var så bra?
Godt i grunn!
Håpar 2011 vil bringe oss mykje moro og mange fine stunder.
Og ikkje minst: At januar tek med seg MYKJE snø, slik at eg får gått meir på ski, og ikkje treng vera så skeptisk i nedoverbakkane!
;-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar