Åh, det er så godt å nå dei måla ein set seg! I juni sette eg fleire mål for året, dei står litt tidlegare i bloggen her. Eg har ikkje nådd alle, og eg har heller ikkje fått sjekka om eg har nådd alle. Men ein ting er klinkande klart: Eg er nøgd med meg sjølv!
I dag var eg på testing på Aktiviteket, og eg fekk skikkeleg ros: Ikkje nok med at eg hadde gått ned rundt midja og ned 7 kg i vekt sidan i mai, men formen min har vorte rundt 20 % betre. Og det er BRA, for den var i overkant av middels frå før, for det viste førrige test. Den førrige testen vart gjort heilt i starten av februar.
Så då VAR både Santanakonserten og konserten med Elton John og Ray Cooper velfortjent, sjølv om det kom på forskudd.
Så då er det berre å kaste seg vidare ut i trening og moro, slik at eg når neste mål.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar