lørdag, oktober 15, 2011

Skal det være en diagnose??

Har vore på kurs i dag. Seks timar med anatomi og fysiologilære, og kurset fortset med seks timar i morgon. Det var kjempemoro! Artigt å lære noko nytt, og få repetert ting eg kunne frå før.
I går kveld var eg forventningsfull og spent på same tid. Kjente det kribla i magen. Eg har blitt spurt om eg vil vera instruktør på treningssenteret, og det synest eg høyrdest interessant ut. Difor må eg gjennom nokre kurs fyrst. Ikkje heilt min arena, amatør som eg er på treningsfronten, og eg visste ikkje kven andre som skulle vera med. Fekk ikkje søva då eg la meg, opprømt og spent som eg var. Grugleda meg, omtrent som ein fyrste skuledag. Eller fyrste dag i barnehagen. Bråvakna midt på natta: Tid for å stå opp no? Møtte opp i god tid på avreiseplassen gjorde eg også. Sommarfuglar i magen, og mykje glede. Dei andre grudde seg litt. Hmmm, forundra gjekk det opp for meg at MIN reaksjon ikkje var som dei andre. Vaksne skal ikkje reagere slik som eg, dei skal vera rolege og avbalanserte. Kan reaksjonen min forklarast med noko?

No i dag er det så in å ha ei diagnose dersom du ikkje er heilt som alle andre. Ei stund hadde alle ADHD, og enkelte i PPT var nesten i himmelen om dei kunne diagnostisere at ei JENTE hadde ADHD. No er det diagnosen Asbergers som alle har. Asbergers er ein form for Autisme. No kjenner eg i alle fall 4-5 med asbergers, og alle er TOTALT ulike. Skulle ikkje tru at tilstanden var noko i nærleiken ein gong. Men det er kjekt å ha ein diagnose som kan forklare og unnskylde at du er "annleis" enn andre. Då eg studerte til lærar for ein del år sidan, desentralisert studium, i vaksen alder, hadde vi spesialpedagogikk. Då vi kom til diagnosen ADHD sa dei andre til meg: "He, he, alt dette stemmer på deg, Marit!!" Eg trur det er ei hån overfor dei som verkeleg plagast med ADHD å seie at eg har det. I såfall har eg vel eit snev av H-en, hyperaktivitet. I ein annan samanheng fekk eg høyre at eg var som ein manisk-depressiv utan depressiv-delen. Heilt sikkert også ei hån mot folk med den lidinga, men humøret mitt er vel i overkant godt, då.

Vel, no er dette subjektivt, då, sett frå MITT synspunkt. For det er ikkje brått så sikkert at alle er einige med meg. Noko av det eg får høyre at eg er utruleg barnslig (særleg om eg hoppar i ein søledam), vrenger og vrir på det som blir sagt, ertar og tullar, bråkar like mykje som tantungane mine når vi er saman, slik at eg blir truga med utkasting, at eg er altfor oppglødd og i full fart, boblar over av spørsmål og energi for å finne ut av ting, altfor vaken om morgonen, og slitsam når eg blir overtrøytt, altfor ditt, og altfor datt. MEN: eg har funne ut at alle desse tinga er tegn som kjenneteiknar ei diagnose, nemleg IBNB. Denne tilstanden bør ikkje medisinerast, sidan det kan gje store biverknader. Den beste behandlinga er å bli med på "leiken" ettersom personen med diagnosen kan bli veldig lei seg og angrande om han føler at han har gått over streken. Skam og flauhet over å ha "bobla over" kan også oppstå. Det beste er å opplyse personen om at det no er tid for å ta det med ro, fordi DU ikkje orkar meir, og då rettar det seg oftast opp. Tilstanden er ikkje farleg, men kan verke smittsam, og den blir skjeldan borte.

Kva IBNB står for? Interessert, Barnslig, Nysgjerrig og Begeistra :-)

God helg.

fredag, oktober 14, 2011

Latskap!?

Kva er eigentleg latskap? Det å vera lat? Hadde ein diskusjon med ei venninne her ein dagen...
"Åhh, no skal eg late meg!" sa eg. Og då starta diskusjonen brått.
Det å vera lat er eit negativt ladd uttrykk, så lat skulle eg ikkje seie at eg er, ei heller at eg skulle late meg. Slappe av, kvile eller kose meg, men ikkje late meg.
Å søkje på latskap ga ikkje så mange resultat, men i følgje Wikipedia tyder Latskap : "det å være lat, det vil si det å ikke ville anstrenge seg og arbeide, men være treg og doven. Synonymer til latskap er lathet, dovenskap, treghet, giddeløshet, bedagelighet, makelighet og ugiddelighet."

Ok, da, dette var kan hende ikkje mykje positivt. Men ikkje er eg doven, ikkje er eg spesielt treig, og heller ikkje særleg giddeslaus. I følgje enkelte vener så er eg heller ikkje bedagelig eller makelig anlakt, men dei skulle berre visst :-) Det fins mange måtar å vera makelig og bedagelig på som ikkje syns, og som for andre ser ut som arbeid. Når eg tenkjer etter fins det og mange måtar å vera giddeslaus på, som også ser ut som arbeid på andre. Når eg ikkje GIDD å starte på rettebunken med oppgåver, eller ikkje gidd å slå plenen, då er eg giddeslaus. For å sleppe å rette tek eg oppvasken i staden, eller renskar blomsterbedet,  eller finn på noko anna slik at eg ikkje treng å rette eller slå plen. Smart, ikkje sant. Då kan eg vera giddeslaus så mykje eg vil.

Etter ein dag med full fres på arbeidet trur eg det kan vera positivt å koble ut den effektive arbeidshesten og vera litt lat. Legge seg makelig på sofaen og sjå på fjernsyn eller lese ei bok, rusle bedagelig rundt i huset med føtene djupt nede i tjukke sokkar og subbe tregt mellom dei tinga ein har lyst til å halde på med. Trur ikkje mange vil forbinde ein slik situasjon med latskap, men heller med ein positiv avslapningssituasjon etter endt arbeidveke. Eit ord, eller eit begrep kan bli negativt eller positivt ladd ut frå kva ein legg i det, og eg syns ein skal tenkje positivt.Så difor skal eg legge meg i hardtrening og øve. Øve på å vera lat! Med positivt forteikn.
God kveldskos!

Forresten, subbinga med ullsokker på slikt golv som vi har gir mange artige resultat. Etter ei rask tur mellom stogo og kjøkkenet kan du sjå og oppleva mange spektakulære ....nei no skulle eg visst late meg, ja. Eg får vise fram resultatet frå subbinga seinare ei gong :-)

onsdag, oktober 12, 2011

Alle må vel ha en tittel??? Eller......?

Her om dagen skulle eg i jobbsamanheng invitere nokre leverandørar av spesiell programvare til å demonstrere programma sine for ei gruppe utvalde menneske. Etter litt korrespondanse fram og tilbake var det sjølvsagt berre positive tilbakemeldingar på dette. Men eit av svara sette meg litt i stuss.... Eg hadde kontakta dei, og invitert dei. Dei takka ja, og så spør dei: Kva er namn og tittel på kontaktpersonen for arrangementet?

Ok, eg vedgår at det i mange høve er ein sekretær som tek fyrste kontakt, så det spørsmålet var ikkje så vanskeleg å svare på, for det var meg. Men tittel? Kva slags tittel har eg.....

Hmmmmm, Eg har mange titlar eg. Den gjevaste er mamma, og så kjem vel kjæreste og venn. Ok, sambuar er også ein grei tittel. I den presenterte rekkefølgja. Men desse fire titlane er det ikkje kven som helst som får benytte. Andre titlar eg har, som ikkje er fullt så viktige, er lærar, rettleiar, adjunkt med opprykk (dobbelt opprykk så dann!), IKT-kontakt, skoleadministrator på Itslearning, Systemadministrator i kommunen på Itslearning, og Leiar for den regionale gruppa som kalla inn til demonstrasjon og diskusjon rundt desse programma. Eg finn sikkert fleire titlar om eg tenkjer etter.

Men kor viktig er det med ein tittel? Kor mykje fortel ein tittel om korleis du er som person? Vel, vel. i enkelte situasjonar fortel vel tittelen litt, men tenk å bli dømd på førehand med bakgrunn i kva slag tittel du har. Direktør, ja. Han(for det må jo vera ein HAN, ikkje sant???) har sikkert mykje pengar, er sikkert ein snobb, og fryktelig "ovenfra og nedad" med nasen i veret. Reingjeringspersonale, ja. Ho (for det må jo vera ei HO, ikkje sant???) er sikkert fagleg svak og litt stutt i toppen sia ho ikkje har klart å få seg ein "finare" jobb.

Nei, eg treng ingen tittel, eg vil bli dømt for den eg er og framstår som, ikkje på bakrunn av eit ORD!

Helsing Marit, no også med titlane Bloggar, Skribent og Fjåsemikkel.

søndag, oktober 09, 2011

Jobb og tur til Barcelona.....

Altfor myke arbeid i feriar og helger med datating på skulen medfører overtid. Og overtid får ein ikkje betalt for, men må avspasere. Ikkje så lett. Eg må avspasere når elevane er på skulen. Då må dei ha vikar. OG då må eg lage opplegg til vikaren før eg reiser, og eg må ta etterarbeidet når eg kjem att. Det løner seg altså ikkje med overtid. Men når skal ein då få gjort den jobben ein blir pålagt, om ein ikkje rekk det i normal arbeidstid? "Du må bli flinkare til å seie NEI!" har eg fått beskjed om. Joa, det er enkelt det, men oftare enklare sagt enn gjort. Novel. Eg har ein haug med overtid, og fem dagar skulle "sonast" i Barcelona, rett før haustferien. Opplegget til vikaren og elevane var klart, prøver var kopiert opp, kladdeark var lagt fram, ein haug med epostar var sendt, og eg var klar for å reise. Turen gjekk greit den. Vi kom oss til flyplassen, ombord på flyet, landa i Barcelona, fann toget inn til byen, gjekk av på rett stasjon, fann rett metrolinje, og gjekk av metroen på stasjonen Liceu midt på La Rambla der hotellet vårt skulle vera å finne. På stasjonen var det to utgangar. Vi valde den eine, og tok heisen opp til bakkeplan. WOW! Mykje folk, bilar, hus og ikkje minst tre. Kvar låg hotellet? Heldigvis har eg gps-telefon, og hadde lagt inn adressa til hotellet før vi reiste. Lattermildt kunne eg meddele Mona: "Vi står 20 meter frå hotellet!" He, he. Og der, rett over gata var hotellet vårt, International Cool Local Hotel.

Og vi gikk og vi gikk og vi gikk...Det var mykje å sjå på og oppleva i Barcelona. Stranda med godt, varmt saltvatn var kort unna. Der var vi kvar føremiddag og slappa avi sola og bada i Middelhavet. Det kryr av asiatiske damer som tilbyr massasje for 5 Euro, 10 Euro for heile kroppen, baksida, vel og merke. Vel verd pengane, veldig behagelig, men hugs at olja dei brukar ikkje har solfaktor!! Og har du gløymt drikke er det nok av folk som kjem og tilbyr Cola, Agua(vatn) og cerveza(øl).
Med metroen kom vi oss raskt fram dit vi skulle, og mista vi ein metro kom det ein ny seinast tre minutt seinare. Ingen grunn til å stresse, altså. Vi besøkte dei mest kjende bygga og attraksjonane. I tillegg budde vi rett på La Rambla, den mest kjende gata i Spania. Ei brei gågate med trafikk på kvar side. Artigt!
Sagrada Familia (bildet) var imponerande. Eit byggverk som på langt nær er ferdig enda. Fasadane i dei ulike himmelretningane fortalte kvar sine historier, og hadde svært ulik byggestil for å understreke historiane dei fortalte.

La Rabmla var fylt med yrande liv, og minnar på mange måter om vår eigen Karl Johansgate i Oslo. Mykje å få kjøpt, mange uteserveringsstader og høge prisar samanlikna med det ein finn i gatene rundt. I Gamlebyen krydde det av små tronge gater, omkransa av flotte bygningar i gamal stil. I desse smågatene var det mange små butikkar av ulike slag som var vel verdt eit besøk. Det dumme er at ikkje alle plassar tok kort, så det lønte seg å ta med kontantar.

Sentrum av Barcelona er delt i tre bydelar: Montjuïc, der dei olympiske leikane vart halde i 1992, Ciutat Vella (gamlebyen), med historiske monument, Parc de la Ciutadella og ikkje minst La Rambla , og Eixample med mange bygg frå modernista-stilens tid i tiåra rundt 1900, for eksempel Casa Milà og Sagrada Familia. Vi var immom alle dei tre bydelane, og titta på mykje og mangt. Den siste kvelden reiste vi til Den magiske fontena i Montjuïc. Den er aktiv kvar torsdag til søndag kveld i sumarhalvåret, fram til 1.oktober, med forestillingar med lys, musikk og ulik sprut på vatnet. Dette var altså siste kvelden i sesongen, så vi hadde flaks. Det var kjempeflott å sjå og høyre på. Det var fullt av folk alle stadar, flotte lys- og fonteneeffektar. Ei verdig avslutning på opphaldet i Barcelona.

Heimturen....
Flyet gjekk 10:10, så vi måtte reise tidleg. Hadde rekna med frukost på hotellet, men den gong ei. Fredag vart rekna til helga, så frukosten starta ein halv time seinare enn vanleg. Ok, vi reiste utan frukost. Og det var kan hende like bra. Vi kom fram til flyplassen ein halv time tidlegare enn vi hadde rekna med, og køen for innsjekking var allereie lang, sjølv om innsjekkinga ikkje hadde opna endå. Men vi kom oss då heim att. Mat fikk vi kjøpt oss også. Så alt i alt:
Eg har lyst til å reise attende.

lørdag, september 24, 2011

Nye mål

Jammen går tida fort. Fleire gonger har eg tenkt at no skal eg skrive litt på bloggen min att. Og så dyttar eg det framfor meg. Er det ikkje typisk? Det er så mykje vi vil gjere, så mykje vi føler vi bør gjere og mykje vi veit vi MÅ gjere....men ingenting blir gjort viss du ikkje vil det skikkelig, innerst inne. Kva er det som motiverar for å få ein til å halde på? For min del har eg ei indre stemme, nei forresten to. Den eine er litt sutrete: Å dette orkar eg ikkje! no stoppar eg! ikkje lenger no! Å eg kan vel unne meg litt eg og når alle andre kan det! osv. Den andre er meir pågåande: Kom igjen, stå på! Berre fram til det grantreet der, så kan du stoppe å springe! Nei, det der skal du ikkje ete, du får berre vondt i magen. Og så svarar denne stemma den første: Idiot!! Vi spring litt til!! Hmm, skulle nesten tru at eg er schisofren, eller galin på ein eller annan slags måte, ettersom eg har stemmer inni hovudet mitt. He, he, he. Eg har funne ut at det er aktivitet inne i topplokket mitt heile tida. Prøvde ein slik aktivitet der du flyttar ein ball ved hjelp av hjernebølger. Den som klarte å tømme hovudet for tankar vann. Vel, eg tapte VELDIG fort. Det viste seg at aktiviteten i hjerna mi var VELDIG høg.... Ikkje rart det når eg har to som argumenterar inni huggu heile tida! Heldigvis kan eg ikkje HØYRE stemmene, det er nok berre tankar. Eg kom så langt i vinter og tidleg på våren. Kom i god form, gikk ned fleire kilogram, og endå viktigare, vart fleire cm mindre. Ikkje stuttare, men mindre. Altså fastare i kroppen. Det er fordi musklar har større tettleik enn feitt, for den som ikkje visste det... :-) Så kom den travle våren, det vart mindre trening. Så kom sumaren med mykje regn, mange selskap og god mat. Hm, formen er ikkje lenger SÅ god, og kroppen er vorte mjukare og fleire cm større. Altså sidan feitt har mindre tettleik enn musklar, så har eg lagt på meg..... Men kven kan eg skulde det på? Nokon andre enn meg sjølv?? Nei. OK. Det ER mange som ikkje kan godta eit Nei-takk når dei byr deg eit kakestykkje. Og utruleg mange som ikkje kan godta at du har lyst til å halde deg til eit kosthald du sjølv har valgt. Men til sjuande og sist er det DU som bestemmer. Og det er vanskeleg å bestemme. I alle fall når du kjenner at du får vatn i munn, og hugsar kor godt det smakar. He, he, he. Når mageknipen kjem etterpå.....vel den er gløymt til neste gong du blir utset for freistingar. Det ER eg som bestemmer over meg sjølv. Og eg må bli flinkare til å halde dei tinga eg har bestemt meg for. Kva om nokon blir fornærma når du gong på gong seier Nei takk? Vel, det er ein pris ein må betale for å vera standhaftig. Hausten er her, og eg har sett meg nye mål. Og no skal eg halde dei! Eg skal trene minst tre gonger i veka, planlegge middagar for heile veka i helgene og sørge for eit godt kosthald. Til no i haust har det vorte for mange lettvindte løysingar. Eg skal ned fem kilogram før jul og minst 5 cm rundt livet. Når det gjeld kondisjonen må eg nok konsultere nokon som kan fortelje meg kva som er realistiske mål kondisjonsmessig... Men eg har starta bra. Trena tre gonger denne veka, siste gong i dag tidleg. GØDT før kropp og sjel! God helg!

lørdag, januar 01, 2011

Nytt år - nye sjanser

Nytt år, nye sjanser....er ikkje det eigentleg sjølvsagt? Kvar einaste dag har ei ny sjanse, kvart minutt har ei ny sjanse, du må berre gripe tak. Det er ALLTID nye sjanser, ALLTID val ein må gjere. Nokon val er enkle, andre er vanskelege. Nokon val viser seg å vera feil, og nokon val kan endrast.
Det viktigaste er vel å ta ansvar for eigne val. Er ikkje alltid like lett. For eksempel når eg har valt å følgje eit sunt matopplegg, er det frykteleg vanskeleg å velja om eg skal eta den fristande kransekakebiten saman med riskrem og raud saus, alt fullt med sukker...mmmmm, som ein ekte slikk-munn, som meir enn gjerne dyttar innpå søte, gode saker, så er faktisk det eit vanskeleg val. Då må eg sjå på konsekvensane. For meg kan konsekvensane bli store. Eg kan falle attende til eit liv styrt av karbohydrater og sukkersug, og eg kan byrje å rane skåpet for sjokolade og søte saker, og bli kriminell på leiting etter sukker...og eg kan bruke opp alle pengane mine på å kjøpe slikkerier slek at eg havnar i gjeldsfengsel og vansmektar der heilt åleine i heile verda....
Eller eg legg på meg. Og blir stor og rund slik at ingen av kleda mine passar lenger og eg må bruke alle pengane mine på nye klede og slikkerier slek at eg havnar i gjeldsfengsel osv....
Eller kanskje skjer det ingen ting, ingen verdens ting anna enn at eg kosar meg leeeenge.....utan å havne i gjeldsfengsel osv.....
Hmmm, peanuts....ikkje akkurat av dei store verdsproblema.Trur eg går og finn meg ein sjokoladebit for å feire starten på eit nytt, sunt og muligheitsrikt år!
SKÅL!
;-)