lørdag, januar 01, 2011

Nytt år - nye sjanser

Nytt år, nye sjanser....er ikkje det eigentleg sjølvsagt? Kvar einaste dag har ei ny sjanse, kvart minutt har ei ny sjanse, du må berre gripe tak. Det er ALLTID nye sjanser, ALLTID val ein må gjere. Nokon val er enkle, andre er vanskelege. Nokon val viser seg å vera feil, og nokon val kan endrast.
Det viktigaste er vel å ta ansvar for eigne val. Er ikkje alltid like lett. For eksempel når eg har valt å følgje eit sunt matopplegg, er det frykteleg vanskeleg å velja om eg skal eta den fristande kransekakebiten saman med riskrem og raud saus, alt fullt med sukker...mmmmm, som ein ekte slikk-munn, som meir enn gjerne dyttar innpå søte, gode saker, så er faktisk det eit vanskeleg val. Då må eg sjå på konsekvensane. For meg kan konsekvensane bli store. Eg kan falle attende til eit liv styrt av karbohydrater og sukkersug, og eg kan byrje å rane skåpet for sjokolade og søte saker, og bli kriminell på leiting etter sukker...og eg kan bruke opp alle pengane mine på å kjøpe slikkerier slek at eg havnar i gjeldsfengsel og vansmektar der heilt åleine i heile verda....
Eller eg legg på meg. Og blir stor og rund slik at ingen av kleda mine passar lenger og eg må bruke alle pengane mine på nye klede og slikkerier slek at eg havnar i gjeldsfengsel osv....
Eller kanskje skjer det ingen ting, ingen verdens ting anna enn at eg kosar meg leeeenge.....utan å havne i gjeldsfengsel osv.....
Hmmm, peanuts....ikkje akkurat av dei store verdsproblema.Trur eg går og finn meg ein sjokoladebit for å feire starten på eit nytt, sunt og muligheitsrikt år!
SKÅL!
;-)

Ingen kommentarer: