lørdag, september 24, 2011
Nye mål
Jammen går tida fort. Fleire gonger har eg tenkt at no skal eg skrive litt på bloggen min att. Og så dyttar eg det framfor meg. Er det ikkje typisk? Det er så mykje vi vil gjere, så mykje vi føler vi bør gjere og mykje vi veit vi MÅ gjere....men ingenting blir gjort viss du ikkje vil det skikkelig, innerst inne. Kva er det som motiverar for å få ein til å halde på? For min del har eg ei indre stemme, nei forresten to. Den eine er litt sutrete: Å dette orkar eg ikkje! no stoppar eg! ikkje lenger no! Å eg kan vel unne meg litt eg og når alle andre kan det! osv. Den andre er meir pågåande: Kom igjen, stå på! Berre fram til det grantreet der, så kan du stoppe å springe! Nei, det der skal du ikkje ete, du får berre vondt i magen. Og så svarar denne stemma den første: Idiot!! Vi spring litt til!! Hmm, skulle nesten tru at eg er schisofren, eller galin på ein eller annan slags måte, ettersom eg har stemmer inni hovudet mitt. He, he, he. Eg har funne ut at det er aktivitet inne i topplokket mitt heile tida. Prøvde ein slik aktivitet der du flyttar ein ball ved hjelp av hjernebølger. Den som klarte å tømme hovudet for tankar vann. Vel, eg tapte VELDIG fort. Det viste seg at aktiviteten i hjerna mi var VELDIG høg.... Ikkje rart det når eg har to som argumenterar inni huggu heile tida! Heldigvis kan eg ikkje HØYRE stemmene, det er nok berre tankar.
Eg kom så langt i vinter og tidleg på våren. Kom i god form, gikk ned fleire kilogram, og endå viktigare, vart fleire cm mindre. Ikkje stuttare, men mindre. Altså fastare i kroppen. Det er fordi musklar har større tettleik enn feitt, for den som ikkje visste det... :-)
Så kom den travle våren, det vart mindre trening. Så kom sumaren med mykje regn, mange selskap og god mat. Hm, formen er ikkje lenger SÅ god, og kroppen er vorte mjukare og fleire cm større. Altså sidan feitt har mindre tettleik enn musklar, så har eg lagt på meg..... Men kven kan eg skulde det på? Nokon andre enn meg sjølv?? Nei. OK. Det ER mange som ikkje kan godta eit Nei-takk når dei byr deg eit kakestykkje. Og utruleg mange som ikkje kan godta at du har lyst til å halde deg til eit kosthald du sjølv har valgt. Men til sjuande og sist er det DU som bestemmer. Og det er vanskeleg å bestemme. I alle fall når du kjenner at du får vatn i munn, og hugsar kor godt det smakar. He, he, he. Når mageknipen kjem etterpå.....vel den er gløymt til neste gong du blir utset for freistingar.
Det ER eg som bestemmer over meg sjølv. Og eg må bli flinkare til å halde dei tinga eg har bestemt meg for. Kva om nokon blir fornærma når du gong på gong seier Nei takk? Vel, det er ein pris ein må betale for å vera standhaftig. Hausten er her, og eg har sett meg nye mål. Og no skal eg halde dei! Eg skal trene minst tre gonger i veka, planlegge middagar for heile veka i helgene og sørge for eit godt kosthald. Til no i haust har det vorte for mange lettvindte løysingar.
Eg skal ned fem kilogram før jul og minst 5 cm rundt livet. Når det gjeld kondisjonen må eg nok konsultere nokon som kan fortelje meg kva som er realistiske mål kondisjonsmessig...
Men eg har starta bra. Trena tre gonger denne veka, siste gong i dag tidleg. GØDT før kropp og sjel!
God helg!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar