Her om dagen skulle eg i jobbsamanheng invitere nokre leverandørar av spesiell programvare til å demonstrere programma sine for ei gruppe utvalde menneske. Etter litt korrespondanse fram og tilbake var det sjølvsagt berre positive tilbakemeldingar på dette. Men eit av svara sette meg litt i stuss.... Eg hadde kontakta dei, og invitert dei. Dei takka ja, og så spør dei: Kva er namn og tittel på kontaktpersonen for arrangementet?
Ok, eg vedgår at det i mange høve er ein sekretær som tek fyrste kontakt, så det spørsmålet var ikkje så vanskeleg å svare på, for det var meg. Men tittel? Kva slags tittel har eg.....
Hmmmmm, Eg har mange titlar eg. Den gjevaste er mamma, og så kjem vel kjæreste og venn. Ok, sambuar er også ein grei tittel. I den presenterte rekkefølgja. Men desse fire titlane er det ikkje kven som helst som får benytte. Andre titlar eg har, som ikkje er fullt så viktige, er lærar, rettleiar, adjunkt med opprykk (dobbelt opprykk så dann!), IKT-kontakt, skoleadministrator på Itslearning, Systemadministrator i kommunen på Itslearning, og Leiar for den regionale gruppa som kalla inn til demonstrasjon og diskusjon rundt desse programma. Eg finn sikkert fleire titlar om eg tenkjer etter.
Men kor viktig er det med ein tittel? Kor mykje fortel ein tittel om korleis du er som person? Vel, vel. i enkelte situasjonar fortel vel tittelen litt, men tenk å bli dømd på førehand med bakgrunn i kva slag tittel du har. Direktør, ja. Han(for det må jo vera ein HAN, ikkje sant???) har sikkert mykje pengar, er sikkert ein snobb, og fryktelig "ovenfra og nedad" med nasen i veret. Reingjeringspersonale, ja. Ho (for det må jo vera ei HO, ikkje sant???) er sikkert fagleg svak og litt stutt i toppen sia ho ikkje har klart å få seg ein "finare" jobb.
Nei, eg treng ingen tittel, eg vil bli dømt for den eg er og framstår som, ikkje på bakrunn av eit ORD!
Helsing Marit, no også med titlane Bloggar, Skribent og Fjåsemikkel.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar