Altfor myke arbeid i feriar og helger med datating på skulen medfører overtid. Og overtid får ein ikkje betalt for, men må avspasere. Ikkje så lett. Eg må avspasere når elevane er på skulen. Då må dei ha vikar. OG då må eg lage opplegg til vikaren før eg reiser, og eg må ta etterarbeidet når eg kjem att. Det løner seg altså ikkje med overtid. Men når skal ein då få gjort den jobben ein blir pålagt, om ein ikkje rekk det i normal arbeidstid? "Du må bli flinkare til å seie NEI!" har eg fått beskjed om. Joa, det er enkelt det, men oftare enklare sagt enn gjort. Novel. Eg har ein haug med overtid, og fem dagar skulle "sonast" i Barcelona, rett før haustferien. Opplegget til vikaren og elevane var klart, prøver var kopiert opp, kladdeark var lagt fram, ein haug med epostar var sendt, og eg var klar for å reise. Turen gjekk greit den. Vi kom oss til flyplassen, ombord på flyet, landa i Barcelona, fann toget inn til byen, gjekk av på rett stasjon, fann rett metrolinje, og gjekk av metroen på stasjonen Liceu midt på La Rambla der hotellet vårt skulle vera å finne. På stasjonen var det to utgangar. Vi valde den eine, og tok heisen opp til bakkeplan. WOW! Mykje folk, bilar, hus og ikkje minst tre. Kvar låg hotellet? Heldigvis har eg gps-telefon, og hadde lagt inn adressa til hotellet før vi reiste. Lattermildt kunne eg meddele Mona: "Vi står 20 meter frå hotellet!" He, he. Og der, rett over gata var hotellet vårt, International Cool Local Hotel.
Og vi gikk og vi gikk og vi gikk...Det var mykje å sjå på og oppleva i Barcelona. Stranda med godt, varmt saltvatn var kort unna. Der var vi kvar føremiddag og slappa avi sola og bada i Middelhavet. Det kryr av asiatiske damer som tilbyr massasje for 5 Euro, 10 Euro for heile kroppen, baksida, vel og merke. Vel verd pengane, veldig behagelig, men hugs at olja dei brukar ikkje har solfaktor!! Og har du gløymt drikke er det nok av folk som kjem og tilbyr Cola, Agua(vatn) og cerveza(øl).
Med metroen kom vi oss raskt fram dit vi skulle, og mista vi ein metro kom det ein ny seinast tre minutt seinare. Ingen grunn til å stresse, altså. Vi besøkte dei mest kjende bygga og attraksjonane. I tillegg budde vi rett på La Rambla, den mest kjende gata i Spania. Ei brei gågate med trafikk på kvar side. Artigt!
Sagrada Familia (bildet) var imponerande. Eit byggverk som på langt nær er ferdig enda. Fasadane i dei ulike himmelretningane fortalte kvar sine historier, og hadde svært ulik byggestil for å understreke historiane dei fortalte.Med metroen kom vi oss raskt fram dit vi skulle, og mista vi ein metro kom det ein ny seinast tre minutt seinare. Ingen grunn til å stresse, altså. Vi besøkte dei mest kjende bygga og attraksjonane. I tillegg budde vi rett på La Rambla, den mest kjende gata i Spania. Ei brei gågate med trafikk på kvar side. Artigt!
La Rabmla var fylt med yrande liv, og minnar på mange måter om vår eigen Karl Johansgate i Oslo. Mykje å få kjøpt, mange uteserveringsstader og høge prisar samanlikna med det ein finn i gatene rundt. I Gamlebyen krydde det av små tronge gater, omkransa av flotte bygningar i gamal stil. I desse smågatene var det mange små butikkar av ulike slag som var vel verdt eit besøk. Det dumme er at ikkje alle plassar tok kort, så det lønte seg å ta med kontantar.
Sentrum av Barcelona er delt i tre bydelar: Montjuïc, der dei olympiske leikane vart halde i 1992, Ciutat Vella (gamlebyen), med historiske monument, Parc de la Ciutadella og ikkje minst La Rambla , og Eixample med mange bygg frå modernista-stilens tid i tiåra rundt 1900, for eksempel Casa Milà og Sagrada Familia. Vi var immom alle dei tre bydelane, og titta på mykje og mangt. Den siste kvelden reiste vi til Den magiske fontena i Montjuïc. Den er aktiv kvar torsdag til søndag kveld i sumarhalvåret, fram til 1.oktober, med forestillingar med lys, musikk og ulik sprut på vatnet. Dette var altså siste kvelden i sesongen, så vi hadde flaks. Det var kjempeflott å sjå og høyre på. Det var fullt av folk alle stadar, flotte lys- og fonteneeffektar. Ei verdig avslutning på opphaldet i Barcelona.
Heimturen....
Flyet gjekk 10:10, så vi måtte reise tidleg. Hadde rekna med frukost på hotellet, men den gong ei. Fredag vart rekna til helga, så frukosten starta ein halv time seinare enn vanleg. Ok, vi reiste utan frukost. Og det var kan hende like bra. Vi kom fram til flyplassen ein halv time tidlegare enn vi hadde rekna med, og køen for innsjekking var allereie lang, sjølv om innsjekkinga ikkje hadde opna endå. Men vi kom oss då heim att. Mat fikk vi kjøpt oss også. Så alt i alt:
Eg har lyst til å reise attende.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar