Kva er eigentleg latskap? Det å vera lat? Hadde ein diskusjon med ei venninne her ein dagen...
"Åhh, no skal eg late meg!" sa eg. Og då starta diskusjonen brått.
Det å vera lat er eit negativt ladd uttrykk, så lat skulle eg ikkje seie at eg er, ei heller at eg skulle late meg. Slappe av, kvile eller kose meg, men ikkje late meg.
Å søkje på latskap ga ikkje så mange resultat, men i følgje Wikipedia tyder Latskap : "det å være lat, det vil si det å ikke ville anstrenge seg og arbeide, men være treg og doven. Synonymer til latskap er lathet, dovenskap, treghet, giddeløshet, bedagelighet, makelighet og ugiddelighet."
Ok, da, dette var kan hende ikkje mykje positivt. Men ikkje er eg doven, ikkje er eg spesielt treig, og heller ikkje særleg giddeslaus. I følgje enkelte vener så er eg heller ikkje bedagelig eller makelig anlakt, men dei skulle berre visst :-) Det fins mange måtar å vera makelig og bedagelig på som ikkje syns, og som for andre ser ut som arbeid. Når eg tenkjer etter fins det og mange måtar å vera giddeslaus på, som også ser ut som arbeid på andre. Når eg ikkje GIDD å starte på rettebunken med oppgåver, eller ikkje gidd å slå plenen, då er eg giddeslaus. For å sleppe å rette tek eg oppvasken i staden, eller renskar blomsterbedet, eller finn på noko anna slik at eg ikkje treng å rette eller slå plen. Smart, ikkje sant. Då kan eg vera giddeslaus så mykje eg vil.
Etter ein dag med full fres på arbeidet trur eg det kan vera positivt å koble ut den effektive arbeidshesten og vera litt lat. Legge seg makelig på sofaen og sjå på fjernsyn eller lese ei bok, rusle bedagelig rundt i huset med føtene djupt nede i tjukke sokkar og subbe tregt mellom dei tinga ein har lyst til å halde på med. Trur ikkje mange vil forbinde ein slik situasjon med latskap, men heller med ein positiv avslapningssituasjon etter endt arbeidveke. Eit ord, eller eit begrep kan bli negativt eller positivt ladd ut frå kva ein legg i det, og eg syns ein skal tenkje positivt.Så difor skal eg legge meg i hardtrening og øve. Øve på å vera lat! Med positivt forteikn.
God kveldskos!
Forresten, subbinga med ullsokker på slikt golv som vi har gir mange artige resultat. Etter ei rask tur mellom stogo og kjøkkenet kan du sjå og oppleva mange spektakulære ....nei no skulle eg visst late meg, ja. Eg får vise fram resultatet frå subbinga seinare ei gong :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar