Har vore på kurs i dag. Seks timar med anatomi og fysiologilære, og kurset fortset med seks timar i morgon. Det var kjempemoro! Artigt å lære noko nytt, og få repetert ting eg kunne frå før.
I går kveld var eg forventningsfull og spent på same tid. Kjente det kribla i magen. Eg har blitt spurt om eg vil vera instruktør på treningssenteret, og det synest eg høyrdest interessant ut. Difor må eg gjennom nokre kurs fyrst. Ikkje heilt min arena, amatør som eg er på treningsfronten, og eg visste ikkje kven andre som skulle vera med. Fekk ikkje søva då eg la meg, opprømt og spent som eg var. Grugleda meg, omtrent som ein fyrste skuledag. Eller fyrste dag i barnehagen. Bråvakna midt på natta: Tid for å stå opp no? Møtte opp i god tid på avreiseplassen gjorde eg også. Sommarfuglar i magen, og mykje glede. Dei andre grudde seg litt. Hmmm, forundra gjekk det opp for meg at MIN reaksjon ikkje var som dei andre. Vaksne skal ikkje reagere slik som eg, dei skal vera rolege og avbalanserte. Kan reaksjonen min forklarast med noko?
No i dag er det så in å ha ei diagnose dersom du ikkje er heilt som alle andre. Ei stund hadde alle ADHD, og enkelte i PPT var nesten i himmelen om dei kunne diagnostisere at ei JENTE hadde ADHD. No er det diagnosen Asbergers som alle har. Asbergers er ein form for Autisme. No kjenner eg i alle fall 4-5 med asbergers, og alle er TOTALT ulike. Skulle ikkje tru at tilstanden var noko i nærleiken ein gong. Men det er kjekt å ha ein diagnose som kan forklare og unnskylde at du er "annleis" enn andre. Då eg studerte til lærar for ein del år sidan, desentralisert studium, i vaksen alder, hadde vi spesialpedagogikk. Då vi kom til diagnosen ADHD sa dei andre til meg: "He, he, alt dette stemmer på deg, Marit!!" Eg trur det er ei hån overfor dei som verkeleg plagast med ADHD å seie at eg har det. I såfall har eg vel eit snev av H-en, hyperaktivitet. I ein annan samanheng fekk eg høyre at eg var som ein manisk-depressiv utan depressiv-delen. Heilt sikkert også ei hån mot folk med den lidinga, men humøret mitt er vel i overkant godt, då.
Vel, no er dette subjektivt, då, sett frå MITT synspunkt. For det er ikkje brått så sikkert at alle er einige med meg. Noko av det eg får høyre at eg er utruleg barnslig (særleg om eg hoppar i ein søledam), vrenger og vrir på det som blir sagt, ertar og tullar, bråkar like mykje som tantungane mine når vi er saman, slik at eg blir truga med utkasting, at eg er altfor oppglødd og i full fart, boblar over av spørsmål og energi for å finne ut av ting, altfor vaken om morgonen, og slitsam når eg blir overtrøytt, altfor ditt, og altfor datt. MEN: eg har funne ut at alle desse tinga er tegn som kjenneteiknar ei diagnose, nemleg IBNB. Denne tilstanden bør ikkje medisinerast, sidan det kan gje store biverknader. Den beste behandlinga er å bli med på "leiken" ettersom personen med diagnosen kan bli veldig lei seg og angrande om han føler at han har gått over streken. Skam og flauhet over å ha "bobla over" kan også oppstå. Det beste er å opplyse personen om at det no er tid for å ta det med ro, fordi DU ikkje orkar meir, og då rettar det seg oftast opp. Tilstanden er ikkje farleg, men kan verke smittsam, og den blir skjeldan borte.
Kva IBNB står for? Interessert, Barnslig, Nysgjerrig og Begeistra :-)
God helg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar